Hopp til hovedinnhold
Prosjektbilde for Aurdals SYKKEL SPLEIS for vatn til landsbyar i Laos! Sponsar du?

Aurdals SYKKEL SPLEIS for vatn til landsbyar i Laos! Sponsar du?

Vil du gi 1 øre per minutt du synes VI skal SYKLE for vatn til Laos? Tilgang på vatn reddar barn sine liv! Alle pengane frå denne innsamlinga går til å bygge vatnledningar på landsbygda i Laos.

Denne innsamlinga er knytt til aksjonen WALK FOR LIVING WATER. 

Det handlar om å bevege seg på ergometer eller vanleg sykkel,- 

 og om å samle inn pengar slik at barn i Laos kan få bruke tida til å gå på skule istaden for å hente vatn.

Hvis vi gir eitt øre per minutt vi syklar, vil 100 millioner minutt bli nok til tre vannanlegg i Laos.

Eller ; Spons med eit beløp du sjølv vel,- uansett kor mange minutt vi syklar:)

Noi elsker skulen. Draumen er å bli lærar. Men tiåringen er ikkje på veg til skulen. Ho går ikkje på skulen lenger. I staden må ho hente vatn til familien.

Med vante bevegelsar held dei bare føtene seg på stien som snirklar seg gjennom jungelen i Laos. Det er farlig å trakke utanfor. Dei mange bombene som fremdeles ligge udetonerte etter Vietnamkrigen kan ligge kvar som helst, som om dei ventar på små bein skal trå feil.

Å gå og hente vatn er farlig (illustrasjonsbilde) Fotograf: Marit Mjølsneset.

Noi er allereie på sin andre tur for å hente vatn i dag. Ho er eineste jenta i en søskenflokk på seks, og det er henna jobb å hente vatn til heile familien.

Vannkjelda ligg langt frå landsbyen. Noi brukar ein time til å nå fram når vannbøttene er tomme. Heimturen med fulle bøtter tar endå lenger tid. Sola står høgt på himmelen, det er varmt og svetten silar nedover den vesle barnekroppen. Er ho rask rekk ho kanskje heim til brødrene kjem frå skulen. 

Vannbøttene er tunge, men draumane henna flyg lett av garde. Noi leikar at det ikkje er vatn, men ein skulesekk som heng på ryggen hennar. Og vegen er ikkje lang. Skulevegen er trygg og fri for bomber. Og saman med henne går alle dei andre barna i landsbyen, både gutar og jenter.

Noi dagdrøymer om å gå på skule (illustrasjonsbilde) Fotograf: Marit Mjølsneset.

Noi smiler av sin eigen dagdraum. Ho lengtar og håper. Ho har høyrt om landsbyar som har fått både vannpostar og skulebygg. Tenk om det kunne skje hos dei? Då kan ho begynne på skulen igjen!

I mange landsbyar i Laos får ikkje barna gå på skule. Dei må i staden gå på livsfarlige stiar for å hente vatn.

Vil du oppfylle eit stort ønske frå barn i Laos?

Då kan du være med på å legge vannrør til ein landsby. Tusen takk for din gåva!

VIL DU LESE MEIR OM KVA DU KAN VÆRE MED PÅ I FORBINDELSE MED WALK FOR LIVING WATER? Sjekk her: https://nms.no/forside/walk-for-living-water/

Aurdals SYKKEL SPLEIS for vatn til landsbyar i Laos! Sponsar du?

750 kroner innsamlet

3 givere
41 dager igjen
37% av 2 000 kr
AURDALS  sitt profilbilde
AURDALS
Verifisert
May Lisbeth Hovlid Aurdal står bak spleisen
Denne knappen åpner en modal med delingsknapper, hvorav den første heter «Del på Facebook».

Siste aktivitet

  1. 1 ga anonymt
  2. Eli Myrene
    So bra, sykl i veg. Eg kan også bli med på ein liten tur 🤩
  3. 1 ga anonymt
Del innsamlingen
Facebook
X
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
May Lisbeth Hovlid Aurdal er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår?

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×