Denne innsamlinga er oppretta til minne om Oscar.
Pengane går til LEVE – Landsforeininga for etterlatne ved sjølvmord, som gjev støtte, fellesskap og håp til dei som står igjen i sorg, og som arbeider aktivt for å førebygge nye tap.
10. september markerer vi Verdensdagen for sjølvmordsførebygging.
I den samanhengen har vi oppretta ei innsamling til minne om Oscar 💚
Pengane frå spleisen blir utbetalt direkte til LEVE gjennom Spleis. Eventuelle gebyr eller tips går til plattforma, resten til føremålet.
Tusen takk for at du er med. Deling betyr like mykje som ei gåve 💚
