Movember 2025 – Mental Helse Ungdom
Då var Movember her igjen, og for sjuande året på rad lar eg barten gro – ikkje for stilen sin del, men for å rette fokus mot noko som verkeleg betyr noko: psykisk helse.
Vi har alle ei psykisk helse å ta vare på. Likevel er det framleis mykje stigma knytt til det å ha det vanskeleg. Altfor mange går åleine med tunge tankar, og altfor få snakkar om det.
I 2024 tok 739 menneske livet sitt i Noreg – 539 av dei var menn. Det utgjer 73% av tala for fjoråret. Bak kvart tal står det ein familie, vener, kollegaer – og eit liv som kunne vore redda dersom fleire våga å vere opne.
Difor ønskjer eg å bruke denne månaden til å minne om noko enkelt, men viktig:
Ring ein venn.
Send ei melding.
Spør korleis det går – og lytt.
Du anar ikkje kor mykje ei lita samtale kan bety for nokon som slit.
I år, som i fjor, går innsamlinga til Mental Helse Ungdom, som jobbar for openheit, forebygging og eit betre psykisk helsetilbod for unge over heile landet.
Alle beløp hjelper – og alle samtalar tel.
Takk for at du bryr deg! ❤️


