Hopp til hovedinnhold

Oppdateringer

  1. TUSEN TAKK, KVINNHERAD!

    17. desember 2025 09:06

    Spleis-aksjonen for Fjellhaugen Skisenter er no avslutta – og me sit att med ein enorm takksemd og eit stort smil.

    Over 300 givarar har vore med og bidratt, og til saman er det samla inn nesten 250.000 kroner som går direkte til drifta av Fjellhaugen Skisenter. Det er heilt fantastisk – og langt meir enn me våga å håpa på då me sette i gang.

    Dette har vore ein ekte dugnad. Frå privatpersonar og familiar, til lokale bedrifter og støttespelarar frå heile Kvinnherad – frå fjord til fjell. Kvar einaste krone, kvar deling og kvart gode ord har betydd noko. De har vist at Fjellhaugen ikkje berre er eit skisenter, men ein viktig møteplass og ein del av hjartet i bygda vår.

    Takka vere dykk kan me halda bakkane opne, løypene tråkka og vintergleda levande – for born, ungdom, familiar og alle som set pris på snø, fjell og fellesskap.

    Me vil rette ein særleg stor takk til alle som har bidratt økonomisk, til dykk som har delt bodskapen vidare, og til dei som har heia på oss gjennom heile prosessen. Dette hadde me aldri klart åleine.

    Tusen takk for støtta, tilliten og engasjementet.
    Me gler oss til å ønskja dykk velkomne til Fjellhaugen – no og i framtida.

    Me sjåast i bakken! 🎿❄️💙

  2. 🌨️❄️ Siste innspurt for Fjellhaugen – no treng me dykk!

    9. desember 2025 09:19

    Folkens – no nærmar me oss målstreken. Og om det er noko Fjellhaugen veit, så er det at dei siste metrane alltid er dei hardaste… og dei viktigaste.

    Men sjå her: 290 gode givarar har alllereie vore med og løfta oss, og det er heilt fantastisk! Tusen, tusen takk til kvar einaste ein – frå barnefamiliar til bedrifter, frå Rosendal til Uskedalen, frå Husnes til Ænes. De har vist kva Kvinnherad handlar om: varme hjarte, sterke fellesskap – og ein god dose dugnadsånd.

    Men… me er ikkje heilt oppe på toppen enno. Me skimtar lyset frå varmestova, men me må ta eit siste rykk før Spleisen stenger 15. desember.

    Så her kjem oppmodinga – varm, vennleg og litt rampete:

    Har du enno ikkje slengt inn ein slant? No er tida inne.
    Har bedrifta di vurdert det? No er sjansen før dørene lukkar.

    Om du gir prisen av ein kaffi, ein vaffel, eller ei lita løypemaskin (heia dykk, Hydro!) – alt hjelper. Kvar krone går rett til å halda bakken open, løypene tråkka og vintergleda levande i heile dalføret.

    Fjellhaugen er ikkje berre eit skisenter. Det er snøglede, barndomsminne, familiedagar, ungdomsfart og kvardagsmagi. Det er kommunen sin vinterpuls – og den pulsen vil me ikkje miste.

    Så kom igjen, Kvinnherad – private, bedrifter, hytteeigarar og alle som har hjarte for fjellet:

    👉 Bli med på siste løftet før 15. desember!
    Gje litt, del vidare – og hjelp oss halde Fjellhaugen levande.

    Tusen takk for at de står saman med oss.
    Me sjåast i bakken – med smil, snøsprut og open heis.

  3. VERDAS BESTE KVINNHERADBEDRIFTER!

    21. november 2025 12:59

    I dag har næringslivet verkeleg meldt seg på i den gode kampen: I løpet av dagen har me fått tilsagn om nær 100.000 (!) blanke kroner frå framoverlente Kvinnherad- bedrifter. Hydro, Nordic Fender og Widecon har opna lommeboka, og gitt sitt bidrag til skiglede for unge og gamle. Me er ekstremt takksame, imponerte og ja, rett og slett- hoppande lukkelege for at så mange gode krefter smører skia, og er med og lyftar i flokk! Men finst det endå fleire givarglade bedrifter der ute?

    Havbruksnæringa: De kan alt om å halda ting flytande?

    Byggenæringa: No er det Fjellhaugen som treng støttebjelkar!

    Reiselivet: Gje ein slant før vinterturistane spør kva som skjedde?

    Industrien: Støtt Fjellhaugen- før me må begynna å renna på pallar frå fabrikktaket!

    Energibransjen: Gje eit påfyll av livsenergi til Fjellhaugen, så lovar me å sikre energiske medarbeidarar tilbake etter ein vinterdag i skibakken!

    Så kva seier de, er det fleire bedrifter som vil vera med og trakke skispor? Ikkje gøym dykk bak gardinene i lunsjpausen, bli heller med og skap bulyst og energi! 

  4. FOLKENS – NO MÅ ME STRAMMA LESTANE!

    18. november 2025 11:48

    141 Kvinnheringar har allereie støtta Spleisen for Fjellhaugen.

    Det er rått! 

    Men… det betyr også at 12 948 av oss tek sjansen på at ungane må lære å stå på ski gatelangs i Rosendal sentrum i framtida.

    Og det trur eg ingen av oss vil sjå.

    For utan Fjellhaugen blir det verken kveldskøyring, vaffel i solveggen, eller den klassiske “eg skal berre éin gong til”-turen før heisen stenger.

    Så her er utfordringa:

    Kan me få fleire enn 141 – ja, kanskje heile Hatlestranda, Uskedalen og halve Ænes – til å slenga inn ein liten slant? Får me med Herøysund og Husnes også?

    Eit bidrag treng ikkje vere stort- men det betyr ALT for å halda hjula i gang i Fjellhaugen.

    Klikk på Spleisen.

    Gi litt.

    Del vidare.

    La oss visa at Kvinnherad står saman, når snøen og vintergleda treng oss!

    P.S: I helga fekk med det fyrste drysset med vintermagi i Fjellhaugen. Me tek sikte på å starte snøkanonene denne veka, så PLUTSELEG er det skiføre!

  5. FANTASTISK START!

    11. november 2025 08:55

    Me er audmjuke og EKSTREMT takknemlege for at heile 50 givarar har gitt sitt bidrag, berre eitt døgn inn i kampanjen! 20 TUSEN TAKK!

HØYR HER FOLKENS- NO TRENG FJELLHAUGEN DI HJELP!

152 870 kroner innsamlet

303 givere
Avsluttet 15.12.2025
50% av 300 000 kr
Avsluttet

Spleisens sponsorer

  • DekkServiceVest10 000 kr
  • Folgefonna Dyreklinikk5 000 kr
  • Hydro-Ren AS5 000 kr
  • S. Rødsten Bilforretning AS 5 000 kr
  • Vest Bilutleie AS 5 000 kr
  • W
    Widecon As5 000 kr

Siste aktivitet

  1. Per Gunnar og Hege Kristin
    støttet og skrev en hilsen
    Takk for jobben de gjer!
  2. Anonym
    2 givere ga anonymt
  3. Jarle
    støttet
Vis all aktivitet

Hjelp FJELLHAUGEN SKISENTER AS å nå frem til flere!

Deler du spleisen med nettverket ditt bidrar du i snitt med 1 000 kr ekstra til spleisen 💰
Facebook
Kopiér lenke
Flere valg
FJELLHAUGEN SKISENTER AS er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×