Gje ei julegåve til eit barn som treng det
For mange barn er jula prega av uro i staden for forventning. Når økonomien er stram, blir gåver og feiring fort det første som må vike.
I år har hjelpeapparatet i Sogn og Fjordane meldt inn over 2 000 barn som treng støtte til ei julegåve.
Ei julegåve kostar 400 kroner, men du bidreg med det som passar for deg. Våre frivillige kjøper og gjer gåvene klare, utan Røde Kors-merking, slik at foreldra sjølve kan feste namnelapp – eller la gåva kome frå nissen.
Kvar einaste unge fortener å kjenne på den gode julekjensla. Når du bidreg, får fleire barn kjenne seg inkluderte og oppleve små julegleder. Takk for di støtte❤️



