Det rullar og går bak kulissane
29. april 2026 12:37
Hei godtfolk!
Her kjem ein kort oppdatering på kva som har skjedd sidan sist:
- Me jobbar med å finne ut om det beste er å registrere seg som foreining i påvente av å ha samla inn dei 100.000 me treng til å kunne registrere oss som stifting.
- Nabolagsverkstaden har vorte samarbeidsprosjekt med Romsås Unlimited. Dei bidreg med ein eingongssum på 10.000 i finansieringa av verkstaden.
- Robin har vore på visning på eit par potensielle lokale, men har enno ikkje funne noko i riktig område som vil passe verkstaden.
- Me har nyleg fått nyss om nokre andre lovande lokale i nærleiken, og er i prosess med å finne ut om dei er tilgjengelege.
- Me har utarbeidd ei heilskapleg liste over utstyr me kjem til å trenge for å ha eit reellt brukbart tilbod, og har skaffa oversikt over kva dette ville kosta.
- Verkstaden har byrja sondere på moglegheiten for å drive pop-up-basert i den spede fysiske starten, og har søkt om 105.000 kroner i bomiljøtilskudd frå Bydel Grorud for å få til dette.
- Verkstaden har søkt Equinorstøtten om 100.000 kroner.
- Me er i kontakt med Batteriet Oslo, som gjev rettleiing og bistand til grupper og organisasjonar som jobbar mot fattigdom og sosial eksludering i Noreg.

