Ukrainahjelpen
Vi er Møre barne- og ungdomsskule Skodje,
og vi har lyst til å få til å samle inn pengar til Ukrainahjelpen. Kvart år organiserer heile skulen et misjonsprosjekt, og i 2026 har vi eit mål om å hjelpe Ukraina som misjonsprosjekt på bakgrunn av situasjonen i landet.
Ukrainahjelpen er ein relativt liten organisasjon med base i Ålesund. Dei har drive hjelpearbeid i 20 år, der alt blir gjort på frivillig basis. Det betyr at alt av midlar som vert gitt, vert sendt raskt vidare. Ukrainahjelpen har heile tida hatt fokus på å hjelpe dei svake i samfunnet, og har bidratt med pengar, mat, klede og ordet om Jesus til dei som har minst. Med situasjonen som er i landet no, er behovet for hjelp større enn nokon gong. Det er enorme behov for hjelp til dei mange uskyldige ofra. Ukrainahjelpen har støttepartnerar i Lviv og samarbeider med ei menighet i Khmelnitskiy. Dei treng pengar til å hjelpe dei som bur i dei mest utsette områda, dei som er på flukt og andre som er avhengige av hjelp. I tillegg til viktig hjelpearbeid, har Ukrainahjelpen også eit misjonsfokus. Mellom anna vert det kvar sommar arrangert leirar. Dei samlar mange born og ungdom, som får eit avbrekk frå krig, får positive opplevingar og eit møte med Jesus.
Skulen samlar også inn pengar til Ukrainahjelpen via panteaksjon, misjonsveke, misjonskafé og misjonsløp.
Takk for at du vil vere med å støtte eit viktig arbeid!
