Manger Musikklag - European Brass Band Championship 2026
Manger Musikklag til Europameisterskapen
Manger Musikklag skal representera Noreg i Europameisterskapen for brass band 2026. Dette er fyrste gong sidan 2012 at korpset skal delta på EM. Meisterskapen vert arrangert i Linz i Austerrike 23.–26. april 2026.
MML vart noregsmeistrar i brass band i 2025, etter fleire år med målretta og langsiktig arbeid. Då Manger Musikklag deltok i EM i 2011, enda meisterskapen med siger. No står korpset igjen klare for ei ny musikalsk utfordring på europeisk nivå.
Deltaking i Europameisterskapen medfører betydelege ekstra kostnader. Innsamla middel vil gå til:
- reise og opphald for 35 musikantar
- transport av instrument
- deltakaravgift
- leige av øvingslokale
- nødvendig logistikk i samband med meisterskapen
Manger Musikklag er ein frivillig organisasjon og deltaking i EM er berre mogleg med ekstern støtte. Alle bidrag – uansett storleik – er viktige og går direkte til å gjera deltakinga mogleg.
Me er verkeleg takksame for at du støttar Manger Musikklag på vegen til Europameisterskapen - tusen, tusen takk! Ein kan følgje vegen til meisterskapen gjennom MML sine SOME-kanalar.
Sjekk gjerne ut nettsida vår: Framside | Manger Musikklag
YouTube: (153) Manger Musikklag - YouTube

