Henjahaugane Sykkelbane/Pumptrack
Ved Henjahaugane er det rom for meir enn berre attgrodd sti og gras – her er det plass til fart, flyt og store smil! Me drøymer om ein pumptrack der små og store kan leike seg på sykkel, sparkesykkel og hjul av alle slag, heilt gratis og rett utanfor døra. Takka vere god støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Husabø Legat og Luster Sparebank, er me allereie godt i gang. Det er skikkeleg kjekt å sjå kor mange som har tru på prosjektet!
No vil me invitere heile nabolaget og bygda til å vere med videre mot mål. Alle innsamla midlar går direkte til bygging av pumptracken ved Henjahaugane, og me vil også søkje spelemidlar frå Norsk Tipping. Om du bidreg med litt eller berre heiar frå sidelinja, så er du ein del av dette – for dette er noko me byggjer i lag.
Kvar einaste bidrag – stort eller lite – er med på å forme ein møteplass me kan vere stolte av, og som vil skape glede i mange år framover. Dette handlar ikkje berre om ein sykkelbane, men om å bygge noko i lag – for borna våre, for ungdommen, og for oss alle.
Me håpar lokale bedrifter ynskjer å bidra!
Alle bidrag hjelp! Tusen takk for støtta!
Les gjerne meir om prosjektet under:
Frå ein gjengrodd leikeplass til ein inkluderande møteplass for leik, aktivitet og samvær. Me vil utvikle området på Henjahaugane til eit attraktivt nærmiljøanlegg med pumptrack og møteplass for alle generasjonar.
Nærmiljøanlegget ved Henjahaugane har god og sentral plassering og har potensial til å bli ein god møteplass i nabolaget og på Leikanger.
Ein ny generasjon veks no som treng gode leike- og aktivitetsområda som kan konkurrere med tiden bak skjermen, men òg med den organiserte idretten. Det har dei siste åra komme økt kunnskap og fokus på korleis ein byggar inkluderande møteplassar for eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet. Me ynskjer difor å løfte dette området til ein attraktiv møteplass for eigenorganisert aktivitet for born, unge og vaksne i nabolaget.
Tilbodet vil vere gratis, og vil såleis leggje til rette for mestring og samfunnsdeltaking for alle.
Prosjektet er forankra og blir søkt gjennom terrengsykkelgruppa i Syril IL, org.nr: 975 700 526.
Me har valt Rekkje Stiutvikling til å utvikle pumptracken, som er eit lokalt firma frå Sogndal. Dei har spesialisert seg i utforming av pumptrack og har hjelpt eit titals lag og foreiningar i heile Noreg med å byggje pumptrack.
Kort beskriving av kva ein pumptrack er for noko frå Rekkje stiutvikling, som er vald som entreprenør:
«En pumptrack er en leken sykkelbane, ideell for selvstyrt aktivitet på tvers av alder og ferdighetsnivå. Banen fungerer også som en naturlig, sosial møteplass i nærmiljøet.
Pumptracken består av kuler, doserte svinger og hopp, hvor man bruker sykkelen til å pumpe for å skape fart – derav navnet "pumptrack". Det gjør den til en utmerket lærings- og rekrutteringsarena for terrengsykling. Her kan alle øve på noe, enten det gjelder svingteknikk, hopping eller grunnleggende balanse for barn som bruker løpesykkel.
Asfaltert overflate gjør den tilgjengelig for flere typer hjul, som sparkesykler, skateboard og rulleskøyter. Dette gjør dem til en allsidig flerbruksarena som er både vedlikeholdsfri og holdbar. En godt utformet pumptrack er en moderne lekeplass for alle aldre. Enten du vil pumpe rundt hele anlegget på bakhjulet, eller ta med barna for å lære seg å sykle, gir anleggene et bredt spekter av utfordringer.»


