Vokt vokterens rike - mot vindkraft
Hyllelandskapet i Ålfotfjella i Bremanger har eit geologisk særpreg som ikkje finst nokon annan stad i verda. I år har dette fantastiske landskapet blitt grundig vist fram til over 700.000 sjåarar i TV-2 serien «Vokteren», der det blir marknadsført som «vill og urørt natur».
Men, denne fantastiske villmarksnaturen er no sterkt truga. Vindkraftselskapet Zephyr planlegger ei massiv utbygging midt i området med opptil 40 turbinar, kvar på over 250 meter høgde. Dette er i et dramatisk klippelandskap, der enorme utsprenginger og utfyllinger blir nødvendig for å komme fram med store vegar. Naturinngrepa kan bli dei største innan vindkraft til no i Norge.
Kommunestyret i Bremanger har sagt ja til å starte planprosessen, og Zephyr jobbar tett saman med kommuneadministrasjonen å hasteplanlegge utbygginga.
Vi er mange som lokalt jobbar for å stanse dette! Vi har samla oss i «Myklebustfjellas venner», der vi jobbar målretta saman med Motvind Norge og Naturvernforbundet for å stanse planane. Vi treng økonomisk støtte til:
- Informasjons- og folkemøter som mobiliserar befolkninga, og gjev kunnskap til lokalpolitikarane
- Bestilling av banner og anna profilmateriale
- Videoproduksjon for å ytterlegare synleggjere korleis inngrepa i desse spesielle hylleformasjonane vil gje enorme øydeleggingar
- Dokumentasjon av naturverdiar
Bli med å gje den urørte naturen ei stemme! Ditt bidrag vil løfte arbeidet med å bevare denne fantastiske naturarva til kommande generasjonar.
Unngå gebyr? Gje direkte her:
Vippsnr: 33398
Kontonummer: 3705 69 06488
