Sluttspurt for turnhallen 🤸🏽♀️
Vi er i sluttspurten - 30 dagar igjen! Flinke folk jobbar timesvis på dugnad i hallen for å bidra.
Og Turnhallen vår er snart klar til bruk – eit etterlengta løft for barn, ungdom og vaksne som vil lære, leike, trene og meistre. No manglar vi berre det siste lille dyttet for å kome i mål.
Undervegs i prosjektet har vi gjort nokre viktige endringar for å sikre at hallen blir inkluderande for alle. Mellom anna har vi lagt inn ei rullestolrampe slik at alle som vil, kan vere ein del av fellesskapet vårt. Det er vi stolte av – og det er heilt rett.
Men slike tilpassingar kostar, og difor treng vi hjelp frå dykk som heiar på idrett, aktivitet og gode møteplassar i bygda.
Vil du vere med og løfte oss heilt i mål?
Kvar krone betyr noko. Saman byggjer vi ikkje berre ein turnhall – vi byggjer eit miljø der alle kan kjenne meistring, glede og fellesskap.
Tusen takk for støtta. Dette gjer vi saman.


