Vikingen fyller 50 - Bidra til å nå tatoveringsdraumen!
Vi ynskjer å gje Svein Tore ei heilt spesiell 50-årsgåve:
Ei tatovering av den fremste utøvaren med tatoveringar inspirert av norrøn treskurd - ornamentikk, Jannicke Wiese-Hansen. Kunsten hennar minner om treskjeringane du finn på stavkyrkjene rundt om i Norge, og på ein særprega måte overfører ho den same uttrykksforma i blekk. Motivet vil dei to planleggje saman.
I 50 år har Svein Tore vore den som stiller opp. No vil vi vise at vi ser det DU gjer. Datoen er sett og han har rett og slett fått i heimelekse å sjå på ulike norrøne myter som fascinerer som til dømes Balders død, Bindinga av Fenris, Loke og Sigyn. Det kjem til å bli fabelaktig, det kan vi seie. Familie og heimstaden ligg hjartet hans nærast og runen Othala (ᛟ) symboliserer dette godt. Under her kan du sjå korleis tatovøren på meisterleg vis integrerer sentrale norrøne symbol og skapnader i arbeidet sitt.
Sida til tatoveringsstudiet Nidhogg. @nidhogg_woodandvikingart på Bryggen
IG: @jannickewiesehansen
Tatoveringa vil bli ei utsmykking som bind saman:
🪚handverket han lever av
🪓treskurden han beundrar
ᛟ den norrøne arven han brenn for
👨👧👦og familien som betyr mest for han
Den som kjem når nokon treng hjelp.
Han set alltid andre først.
Han vil at alle skal ha det bra.
No er det vår tur.
At vi ser hjartet bak handlingane.
At godheit ikkje går ubemerka.
Vi håpar du vil vere med og bidra – stort eller lite. Del gjerne spleisen med venner, arbeidskollegaer, familie og på veggen din, slik at flest mogleg finn spleisen. Tenkjer at Svein Tore vil setje enormt pris på ei bursdagshelsing på spleisen:) Han veit nemleg ikkje om at Kari Beate og eg har oppretta spleis.
Saman kan vi hjelpe han å nå draumen, om du er i familie, kollega, venn eller kanskje berre ein som likar at det av og til ordnar seg for snille folk.
For denne gongen er det han som skal få.
Denne gongen er det vi som stiller opp.
Hovudskallen som er avbilda her er frå Kysnesstranda, og det er same kunstnaren som har laga utsmykkinga. Biletet her Bindinga heng på veggen på hytta i Ulvik. Tatoveringa og personane bak alle bidraga vil vere med han resten av livet.
