Uteområdet ved Myklebust barne- og ungdomsskule
Uteområda ved Myklebust barne- og ungdomsskule har i lang tid trengt oppgradering. Både vi foreldra og borna våre har vore veldig tålmodige, og når vi no ser at målet nærmar seg vil vi gjerne vere med på å samle inn pengar slik at ein kan søkje tippemidlar for å kunne føre planane ut i livet.
For å kunne søkje tippemidlar må ein ha eigenkapital som utgjer 50% av totalsummen. Kommunen stiller så klart med størstedelen av eigenkapitalen, FAU stiller med midlar vi har samla inn over tid, og andre lag og organisasjonar i bygda stiller opp. Likevel treng vi litt til- og difor ber vi om bidrag frå andre gjennom denne spleisen. Uteområda vil ikkje berre vere til glede for borna i skuletida, det vil vere eit samlingspunkt også utanom skuletid.
Det vil bli lagt ned stor dugnadsinnsats for å få gjennomført arbeidet slik at borna og ungdommane våre får nytte flotte uteareal som legg til rette for bruk av heile kroppen.
