Støtt Sogndal skulemusikk for 17. mai, musikk og vennskap
Ingen 17. mai utan korps – og ingen korps utan støtte frå dykk!
Sogndal skulemusikk har sidan 1947 vore ein viktig del av kulturlivet i bygda. I dag er vi eit levande fritidstilbod for born og unge frå 3. klasse og heilt til dei fyller 19 år. Her får dei oppleve meistring, fellesskap og ekte speleglede – og dei skapar liv og stemning i lokalmiljøet gjennom heile året.
No samlar vi inn pengar til:
- Drift av korpset
Midlar til instrument, vedlikehald, instruktørar, uniformar og gode øvingsvilkår, slik at vi kan halde fram med å gi eit trygt og inkluderande tilbod.
- Korpstur til Bornholm
I 2026 skal korpset på tur til Bornholm korpsfestival!
Dette er noko musikantane våre gler seg stort til.
Ein slik tur gir
- meistring og motivasjon
- samhald og vennskap
- opplevingar for livet
Vil du bidra?
Kvar krone tel, og alle bidrag går uavkorta til korpset.
Er du næringsdrivande?
Vi ønskjer kontakt med bedrifter som vil vere samarbeidspartnar eller sponsor.
Ta gjerne kontakt med kasserer Espen Rørvik Tjøstolvsen (etjostolvsen@gmail.com) om du vil støtte eit viktig tilbod for barn og unge i Sogndal – og samtidig bli synleg i lokalmiljøet.
