FAU ved Eikefjord barne- og ungdomsskule inviterer til Spleis for uteområde for barn og unge
Eikefjord barne- og ungdomsskule fyller 10 år – bli med å skape eit betre uteområde!
8. april 2026 er det 10 år sidan Eikefjord barne- og ungdomsskule opna dørene. Dette ønskjer vi å markere saman med bygda.
FAU ved skulen har difor starta ein spleis der målet er å samle inn minst 100 000 kroner. Eikefjord Grendalag står som ansvarleg for innsamlinga. Pengane skal gå til å fornye og utbetre uteområda ved skulen, slik at dei vert endå betre møteplassar for barn og ungdom. Planen er å først ferdigstille uteområdet framfor skulen. Det skal kome på plass eit grindbygg med lademoglegheiter, ny steintrapp og ein sti. Dette er første del av prosjektet. Etter at dette er på plass skal vi gå i gang med å fornye og utvikle uteområdet bak skulen. Målet er at dette skal bli trivelege, inkluderande og aktive møteplassar både i skuletida og på fritida.
Dette prosjektet er eit samarbeidsprosjekt. Lag, organisasjonar og kommunen er med på laget, og vi håpar endå fleire vil bidra. 16. juni 2026 inviterer skulen heile bygda til ei stor markering av 10-årsjubileet. Spleisen vert avslutta same dag som vi samlast til jubileumsmarkering på skulen. Vi håpar mange vil vere med og bidra slik at vi saman kan nå målet vårt og skape gode uteområde for born og ungdom i Eikefjord. Alle bidrag, små eller store, betyr mykje. Tusen takk for at du er med og støttar born og ungdom i Eikefjord!
