Grindebygg for utstilling av flymotorar
Grindbygg for utstilling av flymotorar
Etter at Luftkampmuseet på Slettehaugen vart lagt ned i vinter, har Naustdal MC Klubb teke over to flymotorar og fleire flydelar frå fly som styrta under luftkampane over Sunnfjord – «Den svarte fredagen» 9. februar 1945.
Vi ønskjer no å stille ut desse i eit eige grindbygg ved klubbhuset vårt på Kalland. Målet er å gjere historia tilgjengeleg for alle som ønskjer å sjå spor etter denne dramatiske dagen for over 80 år sidan.
Grindbygget vil vere i tradisjonell stil, inspirert av dei gamle ute-løene ein finn rundt om i området. Her vil besøkande kunne setje seg ned, lese om hendinga og få eit innblikk i kva som skjedde i bygda vår denne dagen.
Vi har vore så heldige å få med oss Roy Egil Nitter, som har solid kunnskap om grindbygg. Han har sagt ja til å hjelpe oss i arbeidet. Planen er at medlemmane i klubben, med god rettleiing frå Roy Egil, skal bygge dette sjølve. Materialen er allereie komt på plass.
Dette prosjektet vil krevje ein stor dugnadsinnsats frå medlemmane i Naustdal MC Klubb, i tillegg til god hjelp frå støttespelarar.
For å få prosjektet i mål treng vi også økonomisk støtte. Vi reknar med eit behov på om lag 50 000 kroner til mellom anna byggemateriale og søknadsprosessar.
Om privatpersonar, bedrifter, entusiastar eller foreiningar ønskjer å bidra, set vi stor pris på all støtte. Alle bidrag, store som små, vil hjelpe oss med å realisere prosjektet.
Ta gjerne kontakt med oss dersom du ønskjer å bidra!
Med venleg helsing
Naustdal MC Klubb








