Hopp til hovedinnhold

Støtt forsking på lovande ME-behandling

Eg samlar inn pengar til ME-forskarane på Haukeland og Universitetet i Bergen, gjennom Fokus på ME. Dei er ein veldedig organisasjon som gir alt dei mottek vidare til forskingsgruppa leia av Olav Mella og Øystein Fluge.

Hei! Eg heiter Eline, og eg fyller snart 24 år. Det blir ein spesiell bursdag for meg, for det er den tiande bursdagen min som ME-sjuk.

Livet mitt vart snudd heilt opp ned då eg vart sjuk, og eg har hatt mange vanskelege år sidan. Eg har vore sengeliggande og pleietrende mesteparten av dei siste ni åra. Eg lever fortsatt eit svært begrensa liv, for det meste i senga. Det er sjeldan eg klarer å vere sosial.

Eg føler på sorg over livet eg har mista, og skulle verkeleg ønske eg slapp å vente for å bli frisk. Eg vel å halde fast i håpet om at eg kan bli frisk, og dei som gir meg mest håp no, er ME-forskarane på Haukeland og Universitet i Bergen.

Dei har nyleg starta fase to i eit forskingsprosjekt der dei tester om medisinen Daratumumab kan gjere ME-sjuke friskare. Dei har allereie publisert resultat frå ein pilotstudie med same medisin, der 6 av 10 pasientar vart friske. Eg har aldri høyrt om ei behandling som har gitt ME-sjuke så god effekt! Forskarane har også hypotesar om kvifor dei fire andre ikkje vart friske, så i mi meining er dette eit av dei mest spennande forskingsprosjekta på ME i heile verda no.

Dessverre får ikkje ME-forskarane i Bergen statleg støtte til denne behandlingsstudien. Daratumumab er ein dyr medisin, så dei er avhengige av at privatpersonar hjelper dei å få studien finansiert. Eg skulle ønske det ikkje var sånn. Eg liker ikkje å be folk om å donere pengane sine, men viss fase to av prosjektet går like bra som fase ein, så kan vi forhåpentlegvis få ei behandling for denne alvorlege sjukdommen.

Det blir anslått at over 50 000 nordmenn har ME. Internasjonalt er mange titals millionar ramma. Derfor har eg satt opp denne spleisen til Fokus på ME. Dei gir alt vidare til forskingsgruppa for ME på Haukeland. Dette kan verkeleg vere med å gjere livet betre for mange, så eg håper du vil gi eit bidrag om du kan. Tusen takk!

Du kan lese meir om Fokus på ME, og sjå videohelsingar frå forskarane på nettstaden: https://www.fokuspame.no 

Støtt spleisen

Gi et valgfritt beløp

Gi det du vil

For deg som vil støtte med et valgfritt beløp

Kjøp lodd

Spleis sender alle produkter direkte hjem til deg. Forventet leveringstid er 5 - 12 dager.

Digitalt skrapelodd

Vinnersjanse 1:50
50 kr
32 solgt
Velg antall
4

Støtt forsking på lovande ME-behandling

21 570 kroner innsamlet

68 givere
30 dager igjen
71% av 30 000 kr
Verifisert
Eline Leer-Salvesen
står bak spleisen
FOKUS PÅ ME mottar pengene
Denne knappen åpner en modal med delingsknapper, hvorav den første heter «Del på Facebook».

Siste aktivitet

  1. Anonym
    3 givere ga anonymt
  2. Ingrid
    støttet og skrev en hilsen
    Hold på håpet! Spennnende forskning.
  3. Anonym
    1 giver ga anonymt
Vis all aktivitet

Hjelp Eline Leer-Salvesen å nå frem til flere!

Deler du spleisen med nettverket ditt bidrar du i snitt med 1 000 kr ekstra til spleisen 💰
Facebook
Kopiér lenke
Flere valg
Eline Leer-Salvesen er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×