VI KLARTE DET!
Takka vere 4370 individuell givarar, og eit næringsliv som verkeleg stilte opp på slutten, kom vi i mål! Innsamlingsaksjonen for å redde Bellona resulterte til slutt i 13 millionar innsamla kroner. Vi er djupt takksame for kvart einaste bidrag, og lovar å gjere oss fortent til tilliten de har vist oss.
Ein redningsaksjon kan gi nytt håp, men den kan ikkje sikre varig drift. Er du interessert i å vere med på Bellona-laget vidare også? Då håpar vi du vil vurdere å bli fast givar til det viktige miljøarbeidet vårt. Det kan du bli med på ved å gå hit: https://bellona.profundo.no/bligiver. Du kan også søke opp Bellona i Vipps, eller gi litt ekstra i Spleisen som står open ut dagen. Hugs at årlege gåver over 500 kr gir rett på skattefrådrag.
Takk for at du var med og redda Bellona – no skal vi ut og redde miljøet!
Beste helsing
Sveinung Rotevatn




