Tusen takk for alle som stilte opp tysdag!!
Tysdag, 29.09 hadde vi invitert til 30- års jubileumsfest og skuleløp. Det var fantastisk å sjå kor mange som fann vegen på ein av årets flottaste dag! Dei fekk oppleva flott barnekor, tale og Kizz som oppvarmingsband, før startskuddet gjekk for fyrste pulje. 5.- 7.-trinn sprang ein time, 3.-4. trinn 45 minutter og 1.- 2. trinn sprang i ein heil halvtime. Ein vanvittig innsats hos alle saman, og flott at fleire fann lysten til å springe med dei.
Etter løpet var det inn i gymsalen og spise kaker og drikke saft- og verdens beste skule vart feira på best tenkeleg måte!!

