Dagens reportasje i Aftenposten Junior og avslutning av innsamlingsaksjonen⚽️
Ny reportasje om saka i dagens utgåve av Aftenposten Junior er vedlagt under teksten ⚽️
Turen til Håkon er eit tilbakelagt kapittel, og det går mot slutten av innsamlingsaksjonen. Sluttdato for Spleis er satt til 25.10.26.
27.10.26 har me avtale med fleire ansatte, blant andre direktør ved Barne- og ungdomsklinikken Maria Vollsæter, ifht overlevering av innsamla beløp. Fleire mediekanalar vil truleg òg vera med på avslutninga av innsamlingsaksjonen.
Me sit att med ei takknemlegheit som nesten ikkje er mogleg å setje ord på ❤️ Tusen takk for alt engasjementet, alle heiaropa, dei varme meldingane og den utrulege givergleda me har møtt gjennom heile innsamlingsaksjonen. Kvar einaste gåve, stor eller lita, har vore med på å gjere dette mogleg. At så mange har engasjert seg i saka, heia på oss og ønskt å bidra, rører oss verkeleg ❤️
No gler me oss enormt til å få vite meir om kva pengane skal gå til, og kva dei kan vere med på å skape for barn og unge som må tilbringe kvardagen sin på sjukehuset. Tanken på at innsamlingsaksjonen kan bidra til fleire lyspunkt, gode opplevingar, smil og glede i ein elles krevjande sjukehuskvardag, betyr meir enn ord kan beskrive. ❤️
Me starta dette med eit hårete mål på 50 000 kroner, utan å ane kor mykje engasjement og giverglede som venta oss. At me no nærmar oss målstreken med eit beløp langt over alt me hadde våga å håpe på, er rett og slett heilt utruleg!
Takk til kvar og ein av dykk som har bidrege, delt, heia og vore med på å løfte denne saka. De har vist oss kor mykje me kan få til, når mange små og store bidrag blir samla til noko større. ❤️
Saman kan me skape glede, håp og gode augeblikk for barn og ungdom som treng det aller mest. Og det er kanskje det finaste av alt. ❤️

