Bygdepride 2019
10.-12. mai 2019 gjentek vi Bygdepride-suksessen frå i fjor. Desse maidagane skal vi nok ein gong arrangere ein pride-festival i Ørsta og Volda. Målet med arrangementet er å fremje toleranse, likeverd, fridom og openheit.
Pride-arrangementa engasjerer langt utover det som var den opphavlege målgruppa. I by etter by, stad etter stad, har det dei siste åra vorte halde Pride-arrangement. Etter vi arrangerte Bygdepride i fjor, har mange små og store stadar fulgt etter.
Sjølv om alt skal foregå i Ørsta og Volda, så blir det eit arrangement for heile Søre Sunnmøre og Nordfjord. Vi som står bak arrangementet ynskjer å syne at lokalsamfunnet vårt er ope og tolerant, at dette er eit samfunn som vil inkludere alle. Ørsta og Volda skal vere stader der alle er velkomne, uansett kva ståstad eller utgangspunkt dei måtte ha.
I desse mai-dagane er det lagt opp til både parade, konsertar, informasjonsverksemd og ymse kulturhendingar. Vi håper derfor at du vil bidra til å realisere arrangementet nok ein gong.
