Nye Tungestølen Turisthytte, Veitastrond
Luster Turlag har alt fått inn meir enn 7 MNOK i støtte til realisering av første byggetrinn av Nye Tungestølen Turisthytte. Turlaget går også inn med 1 MNOK av oppsparte midlar i hytteprosjektet, Men for å kunne realisere og opne første byggetrinn av Nye Tungestølen Turisthytte allereie i 2019, måtte turlaget ta opp lån på 4,3 MNOK.
Vi veit at det er mange som har eit hjarte for Tungestølen og for gjenoppbygging av turisthytta. Derfor gjev vi no alle høve til å bidra med økonomisk støtte til prosjektet. Alle midlar som vert samla inn går til byggeprosjektet på Tungestølen.
Hytta vert opna fredag 6. september, og vi har vore så heldige at HM Dronning Sonja kjem for å opne turisthytta. Dette vert ei stor hending og vi håpar å gjere opninga av den nye turisthytta til ein folkefest. Biletet under er frå nedlegginga av grunnsteinen i 2018, der Lystringen dansa på stølsvollen.

Oppdatering om byggeprosjektet kjem på turlaget si internettside og på Luster Turlag sine Facebook-sider.
Takk for støtta di - sjåast på opninga i september!