Prosjektbilde for Alternativ juridisk vurdering av vedtektene til Kvinnherad Energi

Alternativ juridisk vurdering av vedtektene til Kvinnherad Energi

Kvinnherad kommune har fått ei advokatvurdering av vedtektene frå Schjødt AS, som seier at vedtektene under visse føresetnader er i strid med aksjelova. Andre juristar er ueinige, og advokatfirmaet HLT vil skriva ein alternativ uttale.

I saka om mogleg sal*) av straumnettet til Kvinnherad Energi, har det seint i prosessen kome fokus på vedtektene i selskapet. Dei er openbart laga for å krevja 2/3 fleirtal i kommunestyret for sal eller store endringar. Ein ting er spørsmålet om dei gitte planane for å selja*) nettet blir faktisk hindra av vedtektene. Men administrasjonen har kjøpt inn ei vurdering frå Schjødt AS der dei legg inn ei spesiell tolking av vedtektene, og dermed seier at dei er i strid med aksjelova. Slik avfeiar dei at desse vedtektene har nokon som helst relevans for saka.

Advokatane i Schjødt er veldig høgt ansett. Men andre juristar er ueinige. Advokatfirmaet HLT tok på seg å skriva ein alternativ uttale. Ordføraren har avvist at kommunen vil betala for denne. Difor vil dei raudgrøne opposisjonspartia (Sp, SV, R) samla inn pengar for å betala for oppdraget. Kvinnherad Sp er den formelle bestillaren - difor går dei innsamla pengane til Kvinnherad Sp. 

Uttalen er no gjort tilgjengeleg. Den ligg saman med andre dokument her: http://bit.ly/keas-dokument - men vi treng framleis betala rekninga som kjem! Så gje pengar!

Dersom dei innsamla midlane blir meir enn det uttalen frå HLT kostar, vil det overskytande bli brukt til å betala for ei vanleg opinionsundersøking i Kvinnherad om kva folk meiner om framtida for Kvinnherad Energi. Dersom det framleis er meir pengar til overs, eller opinionsundersøking ikkje let seg gjera, så vil pengane bli brukt til ei markering for dei tilsette i Kvinnherad Energi.

*) For å vera heilt presis: utfisjonera og "fusjonera" inn i BKK eller Haugaland kraft, mot oppgjer i aksjar.

Alternativ juridisk vurdering av vedtektene til Kvinnherad Energi

28 250 kroner innsamlet

58 givere
Avsluttet 23.05.2019
94% av 30 000 kr
Gaute Lund sitt profilbilde
Verifisert
Gaute Lund
står bak spleisen
KVINNHERAD SENTERPARTI mottar pengene
Avsluttet

Siste aktivitet

  1. Arne Gjerde
    Hei! Ikkje sjå på støtta som eit bidrag eller ei meiningsytring frå MDG. Det er mitt personlege bidrag til å få ein ryddigare og meir demokratisk prosess. Saka elles har eg for lite kunnskap om. Arne.
  2. 4 ga anonymt
  3. Liv Solfrid Øvstebø Berge
    Lukka til med arbeidet! Håpar det gjev resultat.
Del innsamlingen
Facebook
X
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
Gaute Lund er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×