Utbetring av Saksaråsa
I 2015 starta Bente Åmbakk, med gode hjelparar, arbeidet med å utbetre råsa frå Urke til Saksa (1076 moh.) Gjennom Saksa Turstiforeining har utallige dugnadstimar resultert i ei godt tilrettelagt rås som svært mange har glede av.
Gapahuken Bentebu med tilhøyrande toalett er reist i Leknesdalen og sherpaer har utbetra den vanskelege ura med steintrapper. Dette arbeidet er som eit kunstverk! Bruer er bygd, råsa rydda for skog og skilting er på plass.
I 2019 opnar Saksa Turstiforeining «Egilbu», den nye gapahuken på Urkeegga. Urkeegga er ein rundtur som bør blir opplevd! Gjennom sitt arbeid har Saksa Turstiforeining vore med på å skape ny optimisme i ei lita bygd i Hjørundfjorden og lagt til rette for at fleire skal få oppleve den storslåtte naturen i det vi (heilt objektivt) omtalar som verdas vakraste fjord.

