Hjelp Gete å gi ut EP
Bandet Gete lagar visepop på sørlandsk om stort og smått i livet. Musikken rører seg i eit vidt sjangerlandskap - ein stad mellom Kaizers Orchestra og Odd Nordstoga - og både musikk og tekst er gjennomarbeida og treff eit vidt publikum.
EP-en er på 5 låtar, inkluderer ein oppgradering av singelen Skobluesen, og er spelt inn i Norsk Lydstudio i Mjøndalen. Til prosjektet har me hyra inn to ekstra musikarar - Lars Jonas Bergo på tangentar og Knut Heggheim på gitar og dobro - noko som har løfta lydbiletet i studioproduksjonen. Me gler oss til å dele dette med verda!
Bandet har spelt saman i 6 år, og alt av overskot bandet har hatt, går til utstyr, studiotid og anna som fører bandet og musikken vidare. Sjølv spyttar me både innsats og pengar i potten for å få EP-en ferdig!