Kjørnes Aktivitetspark

Kjørnes Vel har laga ein plan for opprusting av leikeplassen på Øvre Kjørnes. Vi er i god gong med å søke midlar hos ulike fond og stiftingar, men me er avhengige av å vise at vi kam bidra med litt eigenkapital for å klare å fullføre prosjektet. Vi håpar difor at innbyggarane på Kjørnes ser nytten i eit slikt prosjekt og vil være med å spleise på dette. Vi har eit mål om å få inn kr 50.000 den neste månaden. Vi håpar så mange som mogleg vil være med å bidra.
Vi har følgande planar:
-Oppgradering Ballbingen: Det er behov for å leggje nytt kunstgrasdekke i ballbingen. I tillegg trengs det oppgradering/utskifting av material i vant/vegger. Vi ynskjer også å byggje eit takoverbygg (nettingveggar) på ballbingen for å gjere arenaen til ein heilårs aktivitetspark.
- Sykkelbane:To hoppliner blei etablert våren 2019, og ein pumptrack er under etablering hausten 2019. For at pumptracken skal kunne bli solid, bruksvenleg og vare lenge, må den asfalterast.
- Sandvolleyballbane:På 80-/90-talet blei det etablert ei asfaltert tennisbane på leikeplassen, som ikkje er i bruk pr dd. Arealet vil derimot passe godt for ei sandvolleyball-bane, ein aktivitet som er populær blant innbyggjarane på Kjørnes, spesielt blant ungdom og vaksne.
-Tuftepark: For å gjere aktivitetsparken komplett, er det ynskjeleg å etablere ein mindre «Tufte-park». Slike aktivitetsapparat har vist seg å vere svært populære blant ungdom og vaksne. Tufte-parkar er ein flott arena for å trene styrke/motorikk ute i frisk luft medan ein har med borna på leikeplassen, eller som eigentrenin.
- Trampoline: nedgravd trampoline som når barn i alle aldre.
- Utskifting av leikeapparat: Eksisterande leikestativ/leikeapparat er roteskada, og måtte rivast i vår på grunn av fare for kollaps. Vi ynskjer å sette opp ein klatrepyramide og ei fugleredehuske i staden for.