Hjelp oss å utbetre traseane ved Volda Skisenter!
Vi vil gjere Volda skisenter betre! Vil du?
I disse dagar skal ei gravemaskin utbetre traseane og fleire område i bakkane ved Volda skisenter. Dette er etterlengta arbeid og vil føre til finare forhold i den komande sesongen.
Før den komande sesongen prøver vi å tilby ein heilt ny trasé på "baksida". Vi er godt i gang med skoging, men det er mykje tømmer som må transporterast ned frå skogen. Dette klarer vi dessverre ikkje å få gjort på dugnad, og må truleg leige profesonelle aktørar.
Fleire plassar må det i tillegg grøftast, ledast vekk vatn og fjernast stein for å nemne noko. Arbeidet som skal utførast er tidkrevande og dyrt. Situasjonen er slik at skisenteret rett og slett ikkje har økonomi til å få utbetre alle område som burde ordnast. Vi håper difor at fleire av våre kunder ønskjer å bidra!
Vi oppfordrar også bedrifter og organisasjonar til å støtte oss!