Volda Stadion 2020
Volda Fotball eig og driv Volda Stadion som består av to utandørs 11-arbaner, ei sjuarbane og ei innandørs niarbane i Mørehallen. Aktivitetsnivået i klubben har auka stort dei siste åra gjennom klubbutvikling, ein veldreven FFO og opning av Mørehallen i 2014.
Vi er særs glade for det høge aktivitetsnivået, men dette medfører også stor slitasje på fasilitetane vi har. Hovudbana med tilhøyrande fasilitetar har no behov for oppgradering og ei omfattande utvikling av Volda Stadion står difor for tur. Prosjektet består av 5 delprosjekt.
1. Nytt kunstgras med pad og vatningsanlegg. I samband med dette vert det også installert granulatfangarar for å hindre spreiing av granulat.
2. Totalrenovering av garderobeanlegget.
3. Rive gamle klubbhuset mot elva og bygge nytt lager mellom innbyttarbenkane på hovudbana
4. Utvide tribunetaket og nye tribunestolar (nye tribunestolar får vi levert frå Ullevaal Stadion)
5. Skifte til driftssikre og energisparane LED-flomlys
Samla kostand for heile prosjektet er ca 11.mill kroner.
I tillegg til dette har vi mål om å skifte til energisparande og driftssikre LED-flomlys på Kragsetbana, då fleire av lysarmaturane på dagens lysanlegg er øydelagde.
Nedanfor er det bilete av stadionområdet med årstal for ferdigstilling av dei ulike prosjekta.
