Øyfjell Fatbikeløyper
Ein gjeng tjukksykkelentusiaster har holdt oppkøyrde fatbikeløyper på rundt 5km i Øyfjell i 3 år. Me har ein del utgifter til forsikring, årsavgift og service på snøskuter, samt bensin. Øyfjell Utvikling som er eit frivillig lag har betalt noko av dette, men det meste er betalt privat på spleis av oss som holder løypene opne. All økonomi går ellers via Gøyfjell Aktivitetsdag som er eit frivillig lag for aktivitet i bygda! Løypene kom i gang på bakgrunn av støtte frå sparebankstiftelsen. Me brukar snøskuter og drar ein spesialutvikla slodd frå Gummi-industri.no basert på Drammenslodden, dette gje knall løyper!
Nå må me søke nytt løyve til kjøring av kommunen og er klare for det og for å fortsette, men det hadde vore supert med ein spleis! Dette for å sleppe å betale alt sjølve i tillegg til alle dugnadstimar!
Kan me få inn litt cash til å drifte oss vidare, så håpar me du kjem og besøker oss med sykkel!
Eller kommer og prøver- me har to utlånssyklar slik at DU kan komme og teste fatbikesykling utan egen sykkel!
Følg oss på fb for meir info!