Jaktegaleas Søblomsten
Jaktegaleasen Søblomsten vart bygd i 1864 og er Noregs eldste galeas og einaste gjenlevande fartøy etter pioneren og skipsbyggaren Lars Jensen Hammeraas. Skipet har lagt til restaurering i Rørvik sidan 1992. Noverande eigar gir opp arbeidet og Baatbyggarmuseet på Vestnes ynskjer å frakte fartøyet heim og ferdigstille restaureringsarbeidet på Helland i Vestnes. Dette er same plass so ho vart bygd.
Lars Jensen Hammeras ante nok ikkje kva han sette i gong då han starta skipsbygging i Hellandbukta. For Vestnes og Romsdalen vil Søblomsten bli det viktigaste kulturminnet etter husmannen frå Hardanger. Samstundes eit symbol som understreker identiteten til Romsdalen, og spesielt Vestnes som den største båtbyggarkommunen i landet. Denne innsamlingsaksjonen skal gå til å dekke frakt av fartøyet heim til Vestnes.