Innsamlingsaksjon for ballbinge på Haddal Skule
FAU, Foreldrerådets Arbeidsutval, ved Haddal Skule har i mange år jobba med å få bygd en ballbinge på skuleplassen i Haddal. Ein ballbinge på skuleplassen vil gi enda betre oppvekstvilkår for elevane og sørge for eit enda betre utemiljø på skulen. På fritida vil ballbingen fungere som ein møteplass for både vaksne og barn i denne flotte bygda.
Etter støtte fra kommune, idrettslaget med hovudsponsor og andre aktørar, så har vi no nok kapital til å få realisert ein binge på skuleplassen. FAU har gått for Unisport Scansis Løkka Alu. Totalprisen for ein slik ballbinge med arbeid og dugnadstimar er 790 000,-.
Så kvifor trenger vi då en spleis? Vi ønsker sterkt å få redusert talet på dugnadstimar på et slikt prosjekt. I tillegg til at ballbingen vil kome raskare opp, vil dette lette på arbeidesmengda til mange foreldre som allereie bidreg med mange dugnadstimar i regi av korps, idrettslag, skule og barnehage. Greier vi å samle inn 40 000 NOK, så blir det kun sjølve monteringa av bingen som må gjerast på dugnad.
Alle donasjonar/gåver, uansett størrelse, vil hjelpe! Dette vil og vere allmennyttig for alle i Haddal, frå dei aller minste til dei som er langt over skulealder!
Sidan FAU ikkje har organisasjonsnummer, går denne spleisen gjennom Haddal idrettslag.