Tusen hjarteleg takk!
7. juni 2020 12:05
Vi har fått inn meir enn vi hadde tort å drøyme om på førehand. Tusen takk til alle som har bidrege - alle som ein! Vi vel likevel å skru opp målet frå 30 000 kr til 50 000 kr, i tilfelle det finst fleire pengar der ute.
Vi har leid inn lokale Tradisjonsbygg AS til å gjere størsteparten av arbeidet, for å sikre god kvalitet, samt å få det ferdig i tide. Vi veit enno ikkje den totale prisen på renoveringsarbeidet, men det blir sannsynlegvis godt over 100 000 kr. Noko av dette får vi vonleg støtte til, men ikkje alt. Så - tusen takk igjen!