Hornindal skisenter - utviding av snøproduksjonsanlegget
Vi er med og kjempar om årets DRIVKRAFT-midlar frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Vi håpar alle støttespelarar der ute som har eit hjarte for det vi driv med kan hjelpe oss. Les meir om DRIVKRAFT
Skisenteret må utvide snøproduksjonsanlegget vidare opp i anlegget. Målsetjinga er å forlenge eksisterande produksjonslinjer slik at vi kan dekkje både heistrasé og nedfartar frå mast 7 og nedover med kunstsnø.
Både denne vinteren og tidlegare vintrar viser at kunstsnø er avgjerande for å kunne drifte skisenteret. DRIVKRAFT-midlar frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre og støtte gjennom Spleis vil bety mykje for kor raskt vi kan få realisert utvidinga. Alt til beste for deg som gjest i skianlegget vårt. Kostnadsramma for utviding i denne omgang er om lag 1 million kroner.
Stem fram ditt favoritt-tiltak!
SpareBank 1 Søre Sunnmøre delar årleg ut DRIVKRAFT-midlar til lag og organisasjonar, der alle som har eit konkret prosjekt på Søre Sunnmøre kan søke. I år skal det delast ut inntil éin million kroner. I tillegg blir det trekt ut ein vinnar i veka på 10 000 kr i perioden 1.-28. februar. Hjelp ditt favoritt-tiltak ved å stemme på oss.