Volda Hjelpekorps treng alpin redningspulk i Hornindal
Volda Røde Kors Hjelpekorps er med å kjempe om årets DRIVKRAFT-midlar frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Vi håpar alle støttespelarar der ute som har eit hjarte for det vi driv med kan hjelpe oss å vinne. Ditt bidrag vil vere med på å støtte arbeidet med å skape god aktivitet, positive miljø og fellesskap i lokalmiljøet. Les meir om DRIVKRAFT
Røde Kors Hjelpekorps er frivillig samfunnsberedskap i praksis.
Når nokon vert meldt sakna, ved større ulukker og naturkatastrofer vert hjelpekorpset utkalla. Volda Røde Kors hjelpekorps vert kalla ut om lag 15 gonger i året.
Hjelpekorpset har ca 50 aktive medlemmar på alarmplanen. Hjelpekorpset skal alltid vere klar til å bistå ved søk og redningsaksjonar. Vi er avhengig av at utstyret vi har fungerer til ei kvar tid. Ein veit aldri når det oppstår behov for hjelp.
Ei viktig oppgåve for det lokale hjelpekorpset er å stille som sanitetsvakter på dei lokale skisentra, i helgane, feriar og ved ulike aktivitetsdagar som skuleskidag.
I 2020 vart Hornindal ein del av Volda kommune. Med dette kom også Hornindal skisenter inn under Volda Røde Korps Hjelpekorps sin paraply. Nærområdet rundt alpinanlegget er eit populært turmål for både oppover- og bortover ski. Ein ser difor behovet for å oppgradere utstyret som hjelpekorpset har i beredskap ved skisenteret, for å styrke kapasiteten ein har til rådigheit ved skader og uhell. Vi ynskjer støtte til ein alpin redningspulk med utstyr. (Alpin redningspulk, akuttsekk m/oksygen, vacuummadrass, spjelkesett, varmefolie og jerveduk ++). Vi har gode erfaringar med dette utstyret frå Volda Skisenter.
Stem fram ditt favoritt-tiltak!
SpareBank 1 Søre Sunnmøre delar årleg ut DRIVKRAFT-midlar til lag og organisasjonar, der alle som har eit konkret prosjekt på Søre Sunnmøre kan søke. I år skal det delast ut inntil éin million kroner. I tillegg blir det trekt ut ein vinnar i veka på 10 000 kr i perioden 1-28 februar. Hjelp ditt favoritt-tiltak med å vinne ved å stemme på oss.