Nødvendige oppgraderinger av flyparken - Volda Ørsta Flyklubb
Vi set stor pris på både økonomiske bidrag og gratis stemmer som gjer at vi blir med i veketrekninga på 10 000kr. Du kan stemme ein gong per dag.

Vi i Volda Ørsta Flyklubb er med å kjempe om årets DRIVKRAFT-midlar frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Vi håpar alle støttespelarar der ute som har eit hjarte for det vi driv med kan hjelpe oss å vinne. Ditt bidrag vil vere med på å støtte arbeidet med å skape god aktivitet, positive miljø og fellesskap i lokalmiljøet. Les meir om DRIVKRAFT
Vi ønsker å betre vårt kurstilbud ved å gjere nødvendige oppgraderingar av flyparken. Desse oppgraderingane går blant anna ut på å kjøpe nye instrument, og oppgradere utvendig belysning på flymaskina og gjer oss betre utrusta til både dag og nattflyging. Vi har også fått installert digitalt motorinstrument som gir oss mykje viktig informasjon under flyging. Dette vil komme til gode for alle medlemmane i klubben som benytter seg av flya i klubben, inkludert alle dei noværande og framtidige elevane som er i ferd med å realisere pilotdrømmen.

Litt om klubben
Vi held til på Ørsta Volda Lufthamn og har i dag ca 90 medlemmar i klubben. Vi utdanner både sportsflygarar og motorflygarar og tilbyr følgande sertifikat:
Sportsfly-bevis, LAPL(A), PPL(A) og nattutsjekk.
Vi tilbyr intensive utdanningsprogram og flyr i gjennomsnitt 30-40 timer per måned, noko vi anser som svært bra for ein flyklubb. Vi ønsker å ha eit godt tilbud for alle som er interessert i luftfart enten det er modellfly, sportsfly, motorfly eller andre luftsportsaktiviteter. I 2021 realiserer vi planane våra om nytt klubbhus og vil med det få tilgang på lokaler som vil gi klubben eit stort løft - dette er særdeles viktig for oss både på grunn av utdanningsfasiliteter og ikkje minst for å opprettholde det sosiale miljøet i klubben.
Vi er aktive i lokalmiljøet og har vore med på X2 Festivalen i fleire år der vi har bidratt med rundflyging & open dag for alle interesserte. Grunna COVID-19 fekk vi dessverre ikkje gjennomført dette i fjor, men ønsker å komme sterkare tilbake med tilsvarande arrangement straks dette er mogleg.
Vi bidreg også med samfunnsnyttige oppgaver, blant anna søk og redning gjennom NLF Flytjenesten. Vi har opptil fleire skarpe oppdrag og øvelser i året i samarbeid med politi og hovedredningssentralen.
Stem fram ditt favoritt-tiltak!
SpareBank 1 Søre Sunnmøre delar årleg ut DRIVKRAFT-midlar til lag og organisasjonar, der alle som har eit konkret prosjekt på Søre Sunnmøre kan søke. I år skal det delast ut inntil éin million kroner. I tillegg blir det trekt ut ein vinnar i veka på 10 000 kr i perioden 1-28 februar. Hjelp ditt favoritt-tiltak med å vinne ved å stemme på oss.