Flere nettbrett til Vanylven Røde Kors

Vanylven Røde Kors Hjelpekorps jobbar for alle skal kunne ferdast trygt i naturen og på sjøen. Mange av medlemane våre deltek frivilleg og legg ned mykje tid og arbeid for å kunne hjelpe når nokon treng oss. Ved aksjonar brukar vi digitale kart på nettbrett. På den måten kan alle som deltek i aksjonen få nødvendig informasjon "live" i kartet. Dette gjer det enklare og sikrare å drive søk og redning. No treng vi fleire nettbrett med tilbehør som nødladar og vasstett kasse til oppbevaring. Hjelp oss å samle inn penger til dette.

Vi er med å kjempe om årets DRIVKRAFT-midlar frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Vi håpar alle støttespelarar der ute som har eit hjarte for det vi driv med kan hjelpe oss å vinne. Ditt bidrag vil vere med på å støtte arbeidet med å skape god aktivitet, positive miljø og fellesskap i lokalmiljøet. Les meir om DRIVKRAFT
Stem fram ditt favoritt-tiltak!
SpareBank 1 Søre Sunnmøre delar årleg ut DRIVKRAFT-midlar til lag og organisasjonar, der alle som har eit konkret prosjekt på Søre Sunnmøre kan søke. I år skal det delast ut inntil éin million kroner. I tillegg blir det trekt ut ein vinnar i veka på 10 000 kr i perioden 1-28 februar. Hjelp ditt favoritt-tiltak med å vinne ved å stemme på oss.