Inventar til det renoverte klubbhuset, til glede og nytte for heile bygda! - Haddal IL
Ved å starte denne spleisen er vi med å kjempe om årets DRIVKRAFT-midlar frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Vi håpar alle støttespelarar der ute som har eit hjarte for Haddal kan hjelpe oss å vinne. Ditt bidrag vil vere med på å støtte arbeidet med å skape god aktivitet, positivt miljø og fellesskap i bygda vår. Les meir om DRIVKRAFT
Den flotte grasbana vår fortener eit skikkelig klubbhus, og tanken er også at klubbhuskjellaren igjen kan vere ein samlingsstad til glede for både idrettslaget og andre.
Stem fram ditt favoritt-tiltak!
SpareBank 1 Søre Sunnmøre delar årleg ut DRIVKRAFT-midlar til lag og organisasjonar, der alle som har eit konkret prosjekt på Søre Sunnmøre kan søke. I år skal det delast ut inntil éin million kroner. I tillegg blir det trekt ut ein vinnar i veka på 10 000 kr i perioden 1-28 februar. Hjelp ditt favoritt-tiltak med å vinne ved å stemme på oss.