Skøyteslipemaskin til VTI Allidrett og BUA Volda
Volda treng ein skøyteslipemaskin!
Det har vore stor skøyteaktivitet på vatn og løkker rundt om i kommunen, men skarpe skøytestål har vore mangelvare. Ein kan ikkje forvente at kvar vinter skal by på like gode høve til skøytesport som denne. Derfor blir det ekstra viktig at ein har utstyret i orden når isen først er farbar.
Foreldre tilknytt VTI Allidrett tek initiativ til spleiselag for å finansiere slipemaskin med nødvendig tilbehør. Etter avtale med Frivilligsentralen kan maskina plasserast på det nye lageret til BUA Volda, mot at maskina kan brukast til å halde utlånsskøytene ved like.
Slipemaskina vil gjerast tilgjengeleg for rimeleg slip av skøyter til befolkninga i bygda, på dagar før og under sesong.
Vi er med å kjempe om årets DRIVKRAFT-midlar frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Vi håpar alle støttespelarar der ute som har eit hjarte for det vi driv med kan hjelpe oss å vinne. Ditt bidrag vil vere med på å støtte arbeidet med å skape god aktivitet, positive miljø og fellesskap i lokalmiljøet. Les meir om DRIVKRAFT