Hjelp dokumentarfilmen «Grete og den cubanske pianisten» i mål
Kva er sjansen for at ei ukjend middelaldrande kvinne frå Voss får spele inn debutalbum med verdskjende musikarar i New York?

Det starta som eit eventyr. Logoped, kordirigent og musikkpedagog Grete Skarpeid er i ei brytningstid i livet, når ho nyskild og aleine går på jazzkonsert med den amerikanske jazzgruppa Don Byron Quartet i gamlekinoen på Voss. Etter konserten kjem ho tilfeldigvis i prat med den cubansk/amerikanske jazzstjerna Aruan Ortiz. Møtet blir starten på ein unik sjanse for Grete.
Sidan 2017 har regissør og manusforfattar Vigdis Nielsen frå Ulvik (Hardingfilm), saman med filmfotograf Tore Vollan, følgt Grete si reise inn i den internasjonale musikkverda.
No treng vi di hjelp for å koma i mål! Du kan bidra til at vi kan gjere dei siste opptaka og fullføra den inspirerande historia om Grete. Blir du med å spleisar?
Dokumentarfilmen «Grete og den cubanske pianisten» blir ein musikalsk feelgood-film om ei godt vaksen kvinne som plutseleg får sjansen til å dra ut i verda og realisere seg sjølv og musikken sin. Vågar ho å ta sjansen? Det er no eller aldri.