Prosjektbilde for Hjelp dokumentarfilmen «Grete og den cubanske pianisten» i mål

Oppdateringer

  1. BASAR OG PILOT

    30. april 2021 16:24

    Over 77000 kroner til no og 104 personar har betalt inn til Spleisen. Dette må feirast.

    Me vil derfor trekka to vinnarar blant alle  de som har støtta filmen. Premien er ein signert  CD av Grete sitt album Beyond other stories. CDen er utgitt av det Seattle basert plateselskapet Origin Records. Grete blir no spelt på radiokanalar i mange land og de kan som sagt og få høyre den fine musikken hennar. Vinnarane vil bli annonsert på FBgruppa vår, og de vil sjølvsagt få mail om kven som er dei heldige.

    Me har ikveld kl 20.00 FBpremiere på den internasjonale fjernsynspiloten vår på 4 minutt, Det har vore veldig inspirerande for meg å jobbe med den dyktige danske filmklipparen Nanna Frank Møller. I piloten får de eit betre bilde av filmen og musikken til Grete og den cubanske pianisten, Aruan Ortiz.  Del gjerne. Takk for at de hjelper oss å komme vidare med filmen. Me har no god tru på at me når vårt første mål på hundre tusen sjølv om det er berre 10 dagar igjen av Spleisen. Me håpar framleis på fleire sponsorar.  Ulvik er som sagt ein klar vinnar her med fleire store og små firma som har støtta oss. Men dette blir ein film som tar Voss ut i verda, klarar me å få vossingane på banen?  Det er så utruleg kjekt å få så mykje god respons på ide og teaser, og det er tydeleg at mange har lyst å sjå filmen. Piloten har engelske undertekstar så del den gjerne viss de kjenner film og musikkinteresserte i andre land. Målet vårt er sjølvsagt å få Grete og den cubanske pianisten ut i verda, på film- og musikkfestivalar og på internasjonale tv-kanalar.

    Grete fotograferer eigen plakat på den 35 Festival International Jazz Plaza, Havanna

  2. Takk til alle saman

    17. april 2021 09:40

    Det er 85 som har støtta filmen så langt og me nærmar oss 60.000. Ei stor glede for oss på den fine og endeleg varme vårdagen. Det er etter kvart ei stor og samansatt gruppe som heiar på Grete og filmen. Me har og begynt å få inn litt sponormidlar og trur at det kjem fleire etterkvart. Ulvikfirma har utmerka seg så langt, men me håpar at sponsorar frå Voss og andre stader blir med.  Det er flott at folk lokalt ser verdien av kultur, film og musikk. 

    Sidan me alle lengtar litt etter å reise legg eg igjen ved bilde frå Cuba. Grete er her i gamlebyen i Havanna saman med produsent og lydkvinne Anita i Smau Media.

     Draumen er å dra tilbake til Havanna og vise filmen der. Og møte familien til Aruan og også musikarane og dei andre som var med oss der.  

    Grete og den cubanske pianisten skal bli ein inspirerande og hjartevarmfilm som mange folk kan lika og kjenna seg igjen i. Både unge og gamle som har store eller små draumar og visjonar som dei håpar på.

       Filmfotograf Tore Vollan i Havanna

  3. Takk for støtten

    3. april 2021 18:27

    Me er svært takknemlege for alle som så langt har støtta filmen Grete og den cubanske pianisten.  På trass av påskeferie er me godt igang, og har fått inn over 18000 kroner.  18 % av beløpet me håpar på, og me har enno ein månad igjen av spleiseperioden. Det er første gong eg har prøvd meg på crowdfunding, så kom gjerne med tips til strategiar om kordan me kan nå ut til fleire. Som sagt er formålet med spleisen todelt:  å skaffe  pengar slik at me kan gjera opptak med Grete på Voss i vår , men me vil og byggja eit publikum for filmen. Me har no starta ein FBgruppe og håpar og at de  i spleisen kanskje kan hjelpe oss å dele.  Kjenner de nokon som kunne tenke seg å bli med på premiere, eller har de tips om firma eller organisasjon som kunne sponsa oss med eit lite beløp?  Ta gjerne kontakt med; vigdis@hardingfilm.no, 

    Bildet under er bak kamera stemning frå Havanna. Fotograf Tore Vollan og Grete og Aruan er i bilen me ser. Regissør og produsent er i følgebil.

    Me ynskjer alle ei fortsatt god påske

Hjelp dokumentarfilmen «Grete og den cubanske pianisten» i mål

106 800 kroner innsamlet

130 givere
Avsluttet 19.05.2021
97% av 110 000 kr
Vigdis Nielsen sitt profilbilde
Vigdis Nielsen
Verifisert
Anita Jonsterhaug Vedå står bak spleisen
SMAU MEDIA AS mottar pengene
Avsluttet

Spleisens sponsorer

Jannicke Bernsen5 000 kr

Siste aktivitet

  1. irene nikolaisen
  2. Ove Seastream
  3. Aasmund Storebø
    Lukke til!
Del innsamlingen
Facebook
X
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
Anita Jonsterhaug Vedå er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×