Vidare renovering og vedlikehold av Fiskarheimen på Sandshamn.
Styret og heiagjeng til Fiskarheimen har over fleire år drive aktivt inntektsgivende sommeraktiviteter for å få gjort naudsynt vedlikehold av dette flotte huset. I år er huset utleid for det gode formålet med å gi Rosenlund Hamn ein stad å halde til med matservering fram til hotellet står fiks ferdig iløpet av 2022. Likevel held vi på innimellom med både måling og innkjøp av utstyr som trengs for å ha eit levende bygdehus. Det er ikkje alltid så enkelt å få tid til å gjere alt sjølve så av og til må tilogmed vi leige tenester og hjelp. Vi håpar å klare å få inn litt meir midler via denne spleisen for gjere huset endå meir attraktivt både å sjå til og vere i. Vi takker på førehand for all støtte ❤