Bokprosjekt om Harastølen
Det er mange år sidan eg starta med å samla materiale til ei bok om Harastølen. Eg ville formidla dei ulike epokane, miljøet, tidsånden og liva dei levde; menneska som budde der høgt oppe i fjellsida.
Eg intervjua mange som hadde jobba eller som var pasientar der oppe, fleire som dessverre ikkje er blant oss lenger. Prosjektet mitt stoppa opp, kanskje fordi det var så mykje usikkert med framtida til Harastølen, men også fordi det dukka opp andre arbeidsoppgåver.
Harastølen slepp ikkje tak
Eg har likevel aldri klart å leggja historiene til denne svært spesielle staden heilt i frå meg. Eg har skrive artiklar om Harastølen og laga ei digital historieforteljing som ligg lett tilgjengeleg på Digitalt Museum.
Til liks med mange andre lustringar, har også eg tette band til institusjonen. Far min hadde arbeidsplassen sin der oppe i rundt 25 år. Då var "sanatoriet", som me den gong kalla det, ein heim for psykiatriske pasientar. Eg rakk å arbeida der nokre somrar før HVPU-reformen sette ein stopp for denne type store institusjonar. Pasientane som hadde hatt heimen sin der i fleire tiår, vart spreidd i alle retningar.
Den store kvite bygninga vart gjort om til asylmottak for bosniske flyktningar tidleg på 1990-talet. Eg arbeidde då som frilansjournalist, og hugsar den gode stemninga då lustringane stilte opp med julegåver til ungane. Stemninga snudde brått. Det tok ikkje lang tid før dei ville flykta vidare - vekk frå Harastølen.
Ny giv inspirerer!
No er eg, som så mange andre, inspirert av entusiasmen som den nye investorgruppa syner. Eg har teke fram att permane som har støva ned det siste tiåret, og vil satsa for fullt på å produsera ei praktbok som er Harastølen verdig.
Det MÅ bli ei praktbok; fylt opp med tekst, fotografi og illustrasjonar som formidlar spora etter dei som budde og levde 500 meter over Lustrafjorden.
Målet på Spleis er 100 000 kroner før oktober 2021. Alle bidrag er viktige; store som små og blir teke imot med stor takk!
Kjøp bok - med eller utan porto
Støtt bokprosjektet med den summen du ønskjer, eller kjøp ein eller fleire bøker. Sjå korleis du gjer det lenger nede på sida. Dersom eg må senda bok/bøkene i posten kjem det eit tillegg på kr 100. Pris på boka i førehandssal er 450 kroner. I butikk vil ho kosta 499 kroner.

Samarbeid med Skald forlag
Eg har arbeidd som journalist sidan midten av 1980-talet, og har vore med på fleire bokprosjekt; både med tekst, illustrasjon eller også totalansvar for bokprosjekt. Som frilansar er eg hundre prosent ansvarleg for mi eiga inntekt. Eg vil samarbeida med Skald forlag for å vera sikker på at det blir eit topp produkt.
Kvalitet kostar. Budsjettet ligg på rundt 540 000 kroner. Eg vil søkja ulike stipend og fond, men målet er å førehandsselja 800 bøker.
Pr 4. august 2021 – før eg starta Spleisen - er det selt 140 bøker til bedrifter og privatpersonar i Luster. Boka vil bli perfekt som gåve til familie, tilsette eller samarbeidspartnarar.
Det er både inspirerande og oppmuntrande med så god støtte frå fyrste stund!
Eg kjem til å dela utviklinga i finansieringa av bokprosjektet i denne Spleisen og på Facebook-sida "Bokprosjekt om Harastølen". På Facebook-sida inviterer eg alle som har minne eller opplevingar frå Harastølen om å dela - direkte til meg eller ope for alle. Kanskje noko av det du har, blir ein del av boka:-)

Det er så mange historier og menneskelagnader som ventar på å bli løfta fram; mange med problemstillingar som er aktuelle den dag i dag. Eg kriblar etter å ta tak i dei, men fyrst må eg vera sikker på at finansieringa av prosjektet er på plass.
Tusen takk for at du har trua på bokprosjektet og at du vil vera med på vegen fram mot resultatet!