Prosjektbilde for Bokprosjekt om Harastølen

Oppdateringer

  1. Boka om Harastølen gjekk til topps i nasjonal konkurranse! Nytt bokprosjekt på gang:-)

    3. august 2024 08:10

    På tide med ein stor takk til alle som støtta dette bokprosjektet! Her kjem ei oppsummering over kva som har skjedd sidan sist oppdatering: Eg kom i mål! Her er den flotte boka om Harastølen!

    Boka vart akkurat slik eg ville ha ho, og som ein historisk plass som Harastølen fortener.

    August 2023: Lansering av boka på Sogndal bibliotek. Fullt hus og strålande tilbakemeldingar. Folk kom heilt frå Voss for å vera med på lanseringa, og sjølvsagt var det kjekt at så mange lustringar og sogndøler møtte fram.

    Jan Nyberg i BT var fyrst ut med vurdering av boka. Boka fekk 5 av 6 hjarter:-)

    Etter det har det gått slag i slag med føredrag over heile Vestlandet; frå Bergen til Lom. Folk i alle aldrar er interessert og engasjert i historia og framtida til Harastølen.

    Ros frå alle kantar

    Vurderinga i Klassekampen 23.12.2023 var den beste julegåva ein forfattar/forleggar kan få. "Oddrun Midtbøs bok om Harastølen oser av litterær kvalitet og grundighet. ... Midtbø har klart å skape en perfekt balanse mellom å skildre enkeltmennesker så de fremstår på levende vis, og å gi oversikt over de store linjene i medisinsk utvikling." (Litteraturkritikar Espen Stueland, som har skrive fleire historiske bøker innafor medisin)

    Likeins ord frå litteratur- og filmkritikar Britt Sørensen:  "For et praktverk Oddrun Midtbø har begått med denne vakre boken!

    Jeg leser og leser. Blir oppslukt, opplyst og rørt. Gleder meg over alt jeg har igjen å lese, over fantastiske fotografier, nydelige illustrasjoner og den imponerende researchen som ligger bak. ... Oddrun Midtbø går til kjernen av Harastølens historie. Undertittelen «Heimen for dei utstøtte» sier sitt. Dette er norgeshistorie, sykehistorie og menneskehistorie på sitt beste. Et viktig verk, som jeg håper mange leser."

    Sjølvsagt var det stort då eg kunne gå opp på scena i Litteraturhuset i Oslo for å ta imot prisen for "Årets indiebok 2023" i kategorien sakprosa! (Omgrepet "indie" kjem frå det engelske ordet "independent" - altså sjølvstendig/uavhengig - i denne samanheng)

    Frå grunngivinga til juryen: "Språket sitrer og vitner om en respekt for temaene i boka, nynorsken er nydelig og levende, den litterære kvaliteten høy, illustrasjonene flotte, layouten profesjonell og researchen bak boka god, og bruken av farget tekst viser omtanke for leseren og en solid evne til å lage bøker som faller i smak. Dette er virkemidler som sammen gjør utgivelsen til ei bok av ypperste klasse."

    Tre opplag på fire månader

    Dei fyrste 1900 eksemplara vart fort selde, likeeins 2. opplaget på 1000 bøker. Av 3. opplag på 2000 bøker har eg att rundt 1000 bøker på lager.

    Denne overveldande responsen gav meg så mykje energi at eg no er i gang med ein naturleg oppfølgjar av boka om Harastølen. Det gav meg òg pengar nok til å betala for produksjonen av boka, i tillegg til inntekt til meg sjølv. Erfaringane med Spleis, førehandssal og etablering av eige forlag har ført meg over til å satsa vidare på produksjon av bøker.

    Dei lobotomerte

    Undervegs i arbeidet med Harastølen-boka, oppdaga eg ein slektning eg ikkje visste om, ei grandtante som levde heile sitt liv på "Valen sinnsjukeasyl". Og eg støytte på menneske som helst skulle skjulast, spesielt etter at dei hadde vore gjennom ein operasjon som lobotomering. "Ein skamplett i norsk psykiatrihistorie" skreiv ein psykiatar til meg. Eg vart hekta. Eg vil vita meir om kvifor Noreg var blant dei landa som brukte denne metoden mest, og kvifor det var mykje brukt på dei som hadde ein sterkt vilje, og kanskje speisielt kvinner. Mange spørsmål må få svar.

    Eg er i full gang med å leita etter infomasjon, intervjua slektningar av folk som vart utsatt for denne metoden (bora hol i hovudet for at dei skulle få eit betre liv, eller var motivasjonen mest at det skulle bli rolegare på avdelingar med knapp bemanning?). Eg er oppteken av å vera sakleg og nøktern, og at påstandar skal kunne dokumenterast. Målet er lansering i 2025.

    Så på nytt: Tusen takk for at de hadde tru på meg då eg samla inn pengar til boka om Harastølen for tre år sidan. 

    Blir de med på neste prosjekt? Gå inn på OMI forlag og bestill boka på førehand, eller følg med på den nye Spleisen som eg opprettar i løpet av dagen i dag.

  2. Bli med på siste innspurten på Spleisen!

    28. september 2021 17:24

    Tusen takk til alle som har støtta meg gjennom denne Spleisen. Eg er evig takknemleg for støtta, og håper de vil følgja med framover i arbeidet mot ferdig bokprodukt. Det gjer de ved å lika "Bokprosjekt om Harastølen" på Facebook:-)

    Eg må be om ei teneste: Spleisen blir avslutta om tre dagar. Det hadde vore kjempeflott om så mange som mogeleg av dykk vil dela denne Spleisen blant venner og kjente; gjennom FB, gjennom innlegg på ulike sider eller ved å senda direkte til folk de trur kan vera interessert i ei praktbok om Harastølen.

    Bilete er frå den tredje epoken; 1992-1994, då Harastølen vart fylt opp med flyktningar frå Bosnia. Lustringane hadde samla inn julegåver til familiane. Nokre månader etter dette biletet vart teke, var stemninga langt frå idyll. Den historia må også få plass i boka. (Foto: Oddrun Midtbø)

    Eg er spent på kva sluttresultatet blir 1. oktober. Sluttsummen er sjølvsagt viktig, men eg er spesielt glad for alle tipsa og heiaropa som har kome gjennom denne Spleisen:-)

    Ha ein fin septemberkveld!

  3. Halvvegs til målet!

    8. september 2021 10:18

    Fyrst av alt er eg kjempeglad for alle som har støtta meg så langt. Det var skikkeleg opptur i starten. Men no har det vore stille ei stund...

    Status 23 dagar før Spleis-fristen: På Spleisen har eg fått inn over 41 000 kroner. Det meste er bestillingar av boka, noko er rein støtte. Tusen takk til alle!

    Det hadde vore kjempeflott om du vil hjelpa meg å samla inn litt meir. Det kan du gjera ved å dela Spleisen blant venner og kjende. (Sjå til høgre; ved å trykka på dei ulike ikona kan du lett dela på mange ulike måtar.)

    Totalt har eg fått inn rundt 270 000 kroner – og har dermed nådd halvvegs til målet om fullfinansiering. Eg har fleire søknader ute som eg ikkje har fått svar på. Eg er optimist:-)

    JA til alt! Eg seier ja til alt som har med Harastølen å gjera; både å stilla opp i media og å halda føredrag. For ei veka (31. august) sidan var eg på Harastølen og heldt føredrag for to grupper med vernepleiestudentar frå Høgskulen på Vestlandet. Det var skikkeleg givande – for meg. Og eg håper for studentane. Rosina i pølsa var nok likevel omvising rundt om i heile det store bygninga med Øystein Høyheim.

    Det var utruleg godt å sjå at det skjer positive ting på Harastølen: Høgt oppe på taket jobba snekkarar, og dei fleste romma var tømde for alt det rotet som har prega huset dei siste 25 åra.

    Eg ser fram til at biblioteket blir restaurert attende til det praktrommet det ein gong var. Tenk at det ein gong har romma 1700 bøker! Satsar på at i løpet av nokre år kan gjester ved Harastølen hotell lesa historia til Harastølen i ei praktbok signert Oddrun Midtbø!

    Følg framdrifta i bokprosjektet på Facebook: Bokprosjekt om Harastølen

  4. NRK er interessert i Harastølen-prosjektet

    6. august 2021 19:17

    Yes!!!

    Det har gått ein dag sidan eg la ut Spleisen og over 60 har støtta bokprosjektet. Det er klart eg må takka ja når NRK Sogn og Fjordane ringer og vil ha eit intervju. Om du vil høyra finn du det på denne linken

    Eg kan ikkje seia at eg elskar å høyra meg sjølv på radioen; men det må til. Media er ein viktig samarbeidspartnar for å nå ut til flest mogeleg. Og eg er glad media og folk er interessert i alt som har med Harastølen å gjera.

    Det er no arbeidet med å finansiera boka står på. Dess raskare eg når målet på rundt 500 000 kroner, dess før kan eg ta tak i arbeidet med boka. Og ikkje minst; ta kontakt med alle de gode folk som har historier og bilete de vil dela.

    De er ein fin gjeng å ha med på laget! Tusen takk for støtta så langt. God helg! 

    PS: Til de som har bestilt boka og ikkje lagt inn andressa; send den til meg på epost slik at eg er sikker på at alle som vil ha og som har betalt, får boka i 2023.

    Send namn og adresse til oddrun@oddrun.com

Bokprosjekt om Harastølen

77 000 kroner innsamlet

163 givere
Avsluttet 01.10.2021
77% av 100 000 kr
Oddrun Midtbø sitt profilbilde
Verifisert
Oddrun Midtbø mottar pengene
Avsluttet

Siste aktivitet

  1. 1 ga anonymt
  2. Alf Henning Evjestad
    Lukka til med prosjektet!!
  3. Silja Juklestad
    Lukke til! Kjempebra prosjekt som eg gler meg til å sjå resultatet av!
Del innsamlingen
Facebook
X
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
Oddrun Midtbø er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×