Hjelp oss med å hjelpe de "trengande" :)
Idrettslaget har eit veldig sterkt ønske om å kunne tilby eit operativt toalett på klubbhuset, derfor frir vi no til akkurat deg om å være med på å få det ønske oppfylt. Vi måtte tidlegare i sommar dessverre rive ned toalettrommet, for å sjekke tilstanden etter ei tidlegare vannskade, heldigvis var det bedre enn frykta! Dermed står rommet klart til å byggast oppatt, men det er dessverre ikkje like gratis som rivinga var. Derfor håper vi att mange vil bidra til att vi kan få dette opp å gå, sånn der er tilbod om kunne å "tre av" på huset.
Pengane vi klare å samle inn, vil først og fremst gå til innkjøp av takplater, veggplater og våtromsbelegg. Men, skulle vi være så heldige å få inn ekstra, vil dette gå til varmtvannstank, panelomn og ei enkel baderomsinnreidning.
Idrettslaget er godt i gang med å få klubbhuset i stand til å være samlingstad for aktive i form av klubbkveldar osv, og ikkje minst der fritidsklubben kan få sin fast plass, så vi er enormt takksame for kvart eit einaste bidrag som kan hjelpe oss til å nå målet.
Vi er dessuten med på å kjempe om årets DRIVKRAFT-midlar frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre, håpar derfor att alle støttespelarar der ute som har eit hjarte for det vi driv med og andre også kan hjelpe oss med å vinne. Les meir om DRIVKRAFT
Og ikkje minst:
Stem fram ditt favoritt-tiltak! SpareBank 1 Søre Sunnmøre delar årleg ut DRIVKRAFT-midlar til lag og organisasjonar, der alle som har eit konkret prosjekt på Søre Sunnmøre kan søke. I år skal det delast ut inntil éin million kroner. I tillegg blir det trekt ut ein vinnar i veka på 10 000 kr i perioden 6.september-3.oktober. Hjelp ditt favoritt-tiltak med å vinne ved å stemme på oss.
