Nerlandsøy motorcrossbane
Vi er med å kjempe om årets DRIVKRAFT-midlar frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Vi håpar alle støttespelarar der ute som har eit hjarte for det vi driv med kan hjelpe oss å vinne. Det finst mange barn og unge som ikkje passer inn, eller ynskjer å drive med handball, fotball, korps eller andre av dei tilbuda som er i regionen. Derfor ynskjer vi å få istand eit tilbud til desse. Kansje kan det å få ut behovet for fart og spenning på ei bane, i trygge omgivelsar, gjere sitt til at dei vert meir ansvarlege i trafikken.
Ditt bidrag vil vere med på å støtte arbeidet med å skape god aktivitet, positive miljø og fellesskap i lokalmiljøet. Les meir om DRIVKRAFT
Stem fram ditt favoritt-tiltak!
SpareBank 1 Søre Sunnmøre delar årleg ut DRIVKRAFT-midlar til lag og organisasjonar, der alle som har eit konkret prosjekt på Søre Sunnmøre kan søke. I år skal det delast ut inntil éin million kroner. I tillegg blir det trekt ut ein vinnar i veka på 10 000 kr i perioden 6.september-3.oktober. Hjelp ditt favoritt-tiltak med å vinne ved å stemme på oss.