Turnhall på Hareid i 2022
Vi er med å kjempe om årets DRIVKRAFT-midlar frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Vi håpar alle støttespelarar der ute som har eit hjarte for det vi driv med kan hjelpe oss å vinne. Ditt bidrag vil vere med på å støtte arbeidet med å skape god aktivitet, positive miljø og fellesskap i lokalmiljøet. Les meir om DRIVKRAFT
Stem fram ditt favoritt-tiltak!
SpareBank 1 Søre Sunnmøre delar årleg ut DRIVKRAFT-midlar til lag og organisasjonar, der alle som har eit konkret prosjekt på Søre Sunnmøre kan søke. I år skal det delast ut inntil éin million kroner. I tillegg blir det trekt ut ein vinnar i veka på 10 000 kr i perioden 6.september-3.oktober. Hjelp ditt favoritt-tiltak med å vinne ved å stemme på oss.
Draumen om turnhall
Turngruppa i Hareid idrettslag jobbar for å få realisert draumen om eigen turnhall.
Planen er at denne skal stå klar til 100 års jubileumet til Hareid Idrettslag 28 desember 2022.
Turn er den idretten i Norge som veks mest med tanke på tal på medlemmer. Turngruppa i Hareid er den nest største gruppa i Hareid idrettslag.
Turn er ein basisidrett for barn og unge som du kan dra nytte av i alle andre idrettar. Styrken og fleksibiliteten du får i turn, kan du dra nytte av seinare uansett kva du vel å gjere då.
Med ein eigen turnhall kunne vi ha utvida tilbudet enda meir, vi får betre treningsfasilitetar for alle gymnastane, samt det er større muligheiter for basistrening og skadeforebyggande trening for dei andre idrettane i idrettslaget i perfekte forhold.
Bli med å hjelp turngruppa og Hareid IL om å nå draumen om turnhall.