STØTTE TIL AJMAL SIN FAMILIE I AFGHANISTAN. Reise, telefon, mat og bolig for mor, bror og søster.
Menneska i Afghanistan har det ekstremt tøft no.
Familien til vår fostersønn Ajmal lever, men situsjonen er kritisk.
Me er svært takknemlege for at Ajmal endeleg har fått kontakt med familien 7 år etter at han måtte flykta som 13-åring. Mor og søster har grunna den spente situasjonen kome seg til Kabul hos onkel, der dei fekk snakka med Ajmal. No er dei tilbake der dei bur. Bror på 15 år er på flukt til Tyrkia. Dette gjev mykje uro. For å koma seg trygt til Tyrkia treng han midlar til betaling for trygg flukt.
Ajmal ynskjer å støtta familien best mogleg og tar ekstrajobb i tillegg til lærlingejobben for å bidra. Me i familien støttar han sjølvsagt også.
13/9 vert Ajmal 20 år <3
Den beste gåva alle ikring han kan gje, er støtte til familien hans. Støtte til reise/opphold og mat for broren som er på flukt, og støtte til mor og søster.
Kanskje kan det bli familiegjenforening - kanskje tryggare liv der dei er.
VIL DU BIDRA LITT ?
Kr. 6000,- vart sendt til Tyrkia 9/9, desse pengane er stadfesta kome til rett person, og gjev broren trygg flukt og mat vidare til istanbul. neste sending vert til opphald, hus og mat for bror i Istanbul.
Helsing Beate Gauden, fostermor til verdas beste Ajmal