Nytt frå Afghanistan 16.09.21
No er veslebror på 15 år kome trygt til Istanbul <3
Ajmal har snakka med han idag på whatsapp frå lånt mobil. Han er sliten, kald, svolten og litt skada i armen etter stygt fall undervegs, men han er takknemlig for det var fleire som vart hardt skada og døydde i same fall. Imorgon overfører Ajmal pengar til mobil, klær, sko og mat. Han er førebels trygg der han er, men det er ikkje system for mottak av flyktningar slik me har i Norge. Dei får ingenting der dei kjem.
Ajmal søv no trygt om nettene. Dette er stort.
Mor og søster har det etter forholda bra, men mobil kan dei også halda kontakten med Ajmal. Han er den som trøystar og hjelper og gir dei håp.
TUSEN takk til deko alle som har støtta!
Ajmal er så uendeleg takknemleg, og han har fortalt bror om denne spleisen.