Inventar til klubbhuskjellaren
Vi er med å kjempe om årets DRIVKRAFT-midlar frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Vi håpar alle støttespelarar der ute, som har eit hjarte for det vi driv med, kan hjelpe oss å vinne. Ditt bidrag vil vere med på å støtte arbeidet med å skape god aktivitet, positive miljø og fellesskap i lokalmiljøet.
Haddal IL har nyleg pussa opp klubbhuskjellaren, og treng no midlar for å kjøpe inn musikkanlegg, TV, Fussball og shuffleboard for å gjere klubbhuset til ein triveleg og attraktiv møtestad for born, unge og vaksne i krinsen.
Oppussinga av klubbhuskjellaren er no ferdigstilt, og kjøken, møblar og inventar kjem og blir montert i løpet av september. Vi håpar difor å ta i bruk klubbhuset allereie i oktober.
Stem fram ditt favoritt-tiltak!
SpareBank 1 Søre Sunnmøre delar årleg ut DRIVKRAFT-midlar til lag og organisasjonar, der alle som har eit konkret prosjekt på Søre Sunnmøre kan søke. I år skal det delast ut inntil éin million kroner. I tillegg blir det trekt ut ein vinnar i veka på 10 000 kr i perioden 6.september-3.oktober. Hjelp ditt favoritt-tiltak med å vinne ved å stemme på oss.