Oppgradering av lydanlegg i Herøyhallen
Bergsøy IL Handball treng å få på plass eit nytt lydanlegg i Herøyhallen då det eksisterande anlegget er ustabilt, dårleg og tilhøyrer det forrige århundret. Vi ønskjer nettopp di hjelp til å realisere ønsket vårt om å få på plass eit nytt og velfungerande anlegg! 🤩
Vi er med å kjempe om årets DRIVKRAFT-midlar frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Vi håpar difor at alle der ute som har eit hjerte for den lokale handballen vil vere med å hjelpe oss. Ditt bidrag betyr mykje for oss, og vil vere med på å hjelpe handballgruppa til å ta ytterligare steg, både på og av bana! 🤩